Coop Skeimo i Bismo i Skjåk er den siste sjølvstendige samvirkelagsbutikken i Ottadalen. Nå fusjonerer dei med Coop Innlandet.

Coop Ottadalen, med butikkar i Lom, Vågå og Dønfoss i Skjåk, er ikkje med i denne fusjonen.

Det vart klart etter at eit klart fleirtal av medlemane sa ja til nytt eigarskap på eit ekstraordinært medlemsmøte måndag kveld.

Det vart gjeve 75 stemmer; 54 sa ja til fusjon, 21 sa nei.