Den 19. juni 1860 la den 42 år gamle Aasmund Olavsson Vinje i veg frå Christiania til Trondheim for å oververe kroninga av kong Karl den 15. i Nidarosdomen den 5. august.

Frå Trøndelag gjekk turen vidare til Molde, Lesja, Dovre og Vågå, før Vinje reiste ned Gudbrandsdalen attende til hovudstaden. Hendingane frå denne reisa kom ut i to hefte året etter, og seinare boka «Ferdaminne».

Under opphaldet sitt i Vågå, budde Aasmund Olavsson Vinje mellom anna på Håkenstad. Det var to forskjellige kulturar som møttest den gongen; den konservative gamle bonden og stortingsmannen, og den ironiske og samfunnskritiske Vinje.

Vinje kritiserte stortingsmannen på garden for at han hadde mange spekeskinker på stabburet.

Dette får ein sikkert høyre meir om onsdag kveld under konserten «Ferdaminne» i Jutulheimen. Det er Magne Skjævesland i Vinje Produksjonar, som har konserten.

Kvelden er eit samarbeid mellom Vågå kommune og Mållaget Ivar Kleiven.