Den nye bilen som står parkert utanfor Skjåk turistheim i Bismo er litt av eit blikkfang, og marknadseffekten er stor. Bilen er av dei sjeldne og tilhøyrer Skjåkmat.

Den splitter nye bilen av typen VW Transporter er heilfoliert med bilde av skjåkpølser, kjøtkaku, sylte og andre kjøtprodukt, i tillegg til Skjåkmat sin nye logo.

– Mange vil nok leggje merke til at den gamle logoen manglar, men det er av den enkle grunn at vi det siste halvåret har jobba med å få til ein ny og meir brukarvenleg logo, og den har fått plass på bilen, seier Per Ivar Brenna.

Han har designa utsjånaden sjølv, med god hjelp av ein profesjonell designar. Ein profesjonell matfotograf har stått for bilda av maten som er trykt på folien.

I løpet av oktober vil også både kjølehengaren og kjølebilen til Skjåkmat, som også blir brukt under varelevering og salsmesser, bli foliert og få omtrent same utsjånad som den nye bilen.

Det er ingen tvil om at dei heilfolierte bilane til Skjåkmat vil bli lagt merke til av mange også utanfor bygda framover. Per Ivar Brenna fortel nemleg at det i tida før jul blir heile 63 døgn på messer og marknader rundt om for bedrifta.

– Fyrste helga blir i veke 40. Da er vi både på Strynemessa og på Mataukfestivalen på Lillehammer. Deretter går det slag i slag heilt fram til jul, fortel Brenna.

Bakenden av bilen er prega av Skjåkpølser. Foto: Tom Erik Solstad