Ein lokal politipatrulje var torsdag ute med kikkerten sin på Rv15 i Bismo, og såg etter trafikantar som synda mot reglane om bruk av bilbelte og mobiltelefon.

Berre éin bilist vart stoppa i kontrollen. Mannen brukte mobiltelefonen sin medan han køyrde, og fekk dermed eit forenkla førelegg på 1.300 kroner.