I perioden 11. september til 20. september har det vore innbrot i eit hus i Garmo.

Eigarane av huset har vore borte på ferie, og innbrotet vart oppdaga tysdag da dei kom heim.

Det er sakna ein del verdigjenstandar, som blant anna smykkar.

Huset ligg inntil riksveg 15, ikkje langt unna bygdahuset.

Politibetjent Roger Haugen ved Ottadalen lensmannskontor seier dei er interessert i tips om nokon her sett eller høyrt noko i Garmo denne perioden.