Viss du gløymer å bruke belte i bussen kan det nå koste deg dyrt. Blir du teken kan du måtte betale 1.500 kroner i gebyr, skriver Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Utan belte er du til fare for deg sjølv og dei du reiser saman med om det skulle skje ei ulykke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig verkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Nå skal Statens vegvesen kontrollere beltebruk i bussar over heile landet. Det er slutt på muntlege åtvaringar. Gløymer du beltet kan det koste deg 1500 kroner i gebyr.

I vinter kontrollerte Statens vegvesen 16.300 busspassasjerar for beltebruk. 3 600 passasjerar sat usikra. Statens vegvesen trur mørketala er store.

Berre ein av to oppgjev at dei hugsar beltet i busser med montert belte. Samtidig er heile 87 prosent klar over at det er påbode å bruke belte i buss når det er montert.