Elevar, i andre og tredje klasse med valfag friluftsliv, og lærarar frå den vidaregåande skulen i Lom fekk ei lite triveleg natt til laurdag.

Dei hadde leir på Pollodden i Skjåk, og vart skremt av høge smell og røyk.

– Den fyrste episoden skjedde klokka 22.30. Seinare - klokka 03.30 - kom det eit nytt kraftig smell etterfulgt av mykje røyk, men denne gongen tett på leiren, får vi opplyst frå lensmannskontoret i Lom.

Politiet opplyser at dette vart opplevd som svært skremande og at hendinga nå er anmeldt.

– Enkelte er framleis prega av episodane, fortel politiet.

Politiet har fått opplysningar om ein bil, men vil gjerne ha tips frå publikum i denne saka. Dei ser svært alvorleg på dette og vil gjera vidare undersøkingar.