Det var i vår at Statens vegvesen foreslo å redusere fartsgrensa frå 80 kilometer i timen til 60 kilometer i timen på Rv15 forbi krysset med Fv51, ved Randen i Vågå, i perioden 1. juni-1. september.

I sommarmånadane er det stor trafikk og til tider kaos i vegkrysset, og sommarfartsgrensa vart innført som eit tiltak for å betre trafikktryggleiken.

I slutten av denne veka - ein halv månad etter 1. september - vart skilta for 60 kilometer i timen hatt ned, og det er nå 80-sone att forbi Randen.

Skiltinga av særskilt fartsgrense har vore kombinert med oppsetjing av fareskilt «forkøyrskryss». Fareskilta skal stå oppe heile året.