Onsdag kveld vart det sett i gang ein redningsaksjon på Besseggen for å hente ned seks personar med cerebral parese som var fysisk og psykisk slitne. Dei seks har med seg ti personar som følgje.

Fjellturen er i regi av DNT Drammen.

Hovudredningssentralen rekvirerte helikopter frå Rygge, men dette måtte snu på grunn av dårleg vêr. Luftambulansen på Dombås vart sendt til Jotunheimen for å freiste å redde ut personane.

Luftambulansen var framme 22.29, men klarte ikkje å lande på grunn av sterk vind, og måtte gjer vendereis.

Fjuken var i kontakt med operasjonsleiar Geir Stavheim i Innlandet politidistrikt klokka 07.45 torsdag morgon, og da hadde han nettopp vore i kontakt med følget som overnatta i fjellet.

– Dei hadde etter forholda det bra. Vi vil prøve å få dei ned att så fort som mogleg, seier Stavheim.

Turfølget er godt utstyrt for ei natt i fjellet. Dei måtte ligge ute under open himmel, da det var for sterk vind til å setje opp telt.