Det foregår ein redningsaksjon på Besseggen for å hente ned seks personar med funksjonshemming. Det er totalt 16 personar i følget som er ved Bandet.

Dei seks funksjonshemma personane har cerebral parese. Det er DNT Drammen som arrangerer turen.

Hovudredningssentralen rekvirerte helikopter frå Rygge, men dette måtte snu på grunn av dårleg vêr. Luftambulansen på Dombås vil nå freiste å redde ut personane.

I tillegg er mannskap frå røde kors kalla ut.

Klokka 22.29 melder politiet på Twitter at Luftambulansen har kome fram og vil freiste å få ned personane.