– Det er heilt uverkeleg, seier ein glad fabrikksjef Svein Gudbrand Lund.

Akkurat nå, onsdag føremiddag, er han i Raudalen saman med eit filmteam. Glasitt AS er i finalen saman med eit firma frå Japan og eit firma frå USA. Selskapet Kanthal, som står bak prisen - og som er ein av verdas leiande merkevarer for produkt og tenester innan industriell oppvarmingsteknologi - skal lage film om dei tre finalistane.

– Og ikkje berre det, dei skal filme plassane vi er frå òg. Dersom vi ikkje vinn prisen, vil det likevel bli mykje skjåkreklame av dette her, seier Svein Gudbrand Lund.

Glasitt AS i Skjåk er nominert til prisen fordi dei har satsa millionar av kroner på ein grøn profil. Fabrikken i Skjåk har i alle år brukt gass som energikjelde, men nå har dei gått over til å varme opp omnane med stuttreist straum frå Skjåk Energi. Det har gjort produksjonen svært miljøvenleg. Denne måten å tenkje nytt på i skumglasbransjen har vorte lagt merke til både hjå konkurrentar og samarbeidspartnarar i heile verda.

– Men at vi skulle bli nominert og til og med bli blant finalistane i ein slik konkurranse, hadde vi ikkje tenkt kunne skje, seier Svein Gudbrand.

Finalen skal gå føre seg i Nashville i oktober.

– Kva er premien?

– Premien er heider og ære pluss ein sjekk på 5.000 euro. Pengane skal donerast vidare til eit velgjerande føremål. Vi har allereire bestemt oss for, dersom vi vinn, at pengane skal donerast til kreftsjuke born, svarar Svein Gudbrand Lund.