Seks norske idrettsprofilar er denne veka i Vågå i samband med innspeling av ein ny serie av programmet «Mer enn gull».

Programmet hadde stor suksess da fyrste serien av dette programmet gjekk i påska, der Vågås eigen André Villa var på heimebane.

I oktober i fjor samla Villa og Johan Olav Koss fleire hundre tilskodarar i Vågåmo sentrum for å følgje innspelinga og duellen mellom dei to idrettsstjernene på rulleskøyter.

Nå er det seks andre idrettsstjerner som skal i elden og som ta dei andre med på sin idrett.

Tysdag er Vågåhallen arena for «Mer enn gull». Her skal dei seks idrettsstjernene, blant dei ein av Norges fremste handballspelarar ha kamp mot Vågå jenter-16.

Vågåhallen vil vere open for publikum frå 13.30. Det er ope for publikum til å sitja på tribunen for å sjå kampen. Det er plass til cirka 250 personar. Kampen startar 14.00.

Seinare i veka skal innspelinga skje på Dombås torsdag, Juvasshytta fredag og på Lalm både laurdag og sundag.

Laurdag er det ishockey-kamp på Proel stadion, ikkje på is, men på nylagt betongdekke. Sundag er det friidrett som står på programmet.

Som i fjor har deltakarane base på Valbjør gard i Nordherad.