Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar helg.

Denne veka har vi to jubilantar; Eirik og Ivar Fjeld. Dei kan vente seg ei pakke frå Fjuken.

«Gratulerer til Eirik på 12-årsdagen som var 29. juli, og til Ivar som fyller 14 år 1. september.

Beste helsing frå bestemor ved Flatningen».

Gratulerer med dagane, seier vi i Fjuken òg!

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.