Det går til tider fort på vegane i Ottadalen.

Så langt i år har politiet beslaglagt 19 førarkort. Dei fleste for høg fart, men i desse tala er det også promillekøyring.

Statistikken syner at det er skrive ut 90 bøter for høg fart.

Politibetjent Roger Haugen fortel at desse tala er ein auke frå tidlegare år.

Totalt har politiet så langt i år kontrollert 1.500 køyretøy.