Politiet i Innlandet kan orientere om at pårørande til kvinna som vart funne død på Bygdin Fjellhotell er varsla om dødsfallet. Ho er 22 år og svensk statsborgar og arbeidde for tida på hotellet der hun vart funne død.

Politiet har begjært obduksjon av avdøde for å få klarlagt i dødsårsaken.

– Vi veit ikkje om vi vil få noko førebels svar knytta til dødsårsak idag. Politiet held fram med avhøyr av personar på hotellet som samstundes får tilbod om oppfølgjing av kommunens fagpersonar, heiter det i ei pressemelding frå politiet i Innlandet.