– Omstenda rundt funnet gjorde at politiet iverksette straksetterforsking og ser på dødsfallet som mistenkeleg. Våre kriminalteknikarar er nå i gang med å undersøke funnstaden og vi avhøyrer personar som var der, heiter det i ei pressemelding frå politiet.

Politiets vidare etterforsking vil avklare om det har skjedd noko straffbart eller ikkje. Avdøde vil bli obdusert slik at ein finn dødsårsaken.

Pårørande er ikkje varsla om dødsfallet slik at politiet ikkje kan gje meir opplysningar om kvinna.