Formannskapet, hovudutvalsleiarane, rådmannen, økonomisjefen og kommunalsjefane i Skjåk kommune hadde tysdag ein gjennomgang og ei drøfting om status og utfordringar i økonomiplanarbeidet.

I neste økonomiplanperiode, frå 2017 og fire år fram i tid, skal det kuttast kostnader for minst åtte millionar kroner. Fire av millionane skal etter planen takast frå helse- og omsorgssektoren.

– Åtte millionar vil truleg ikkje vera nok, men det er ein start, kommenterte rådmann Svein Holen.

Hilde Reitan, kommunalsjef for helse og omsorg, gjorde det klart at ingen av tenestene i hennar sektor kan skjermast dersom dei skal lukkast i å kutte fire millionar kroner.

– Slik er det berre. Vi må redusere kostnader over heile fjøla. Vi greier ikkje å kutte så store beløp dersom vi ikkje ser på bemanninga. Det er institusjonen, Skjåkheimen, som må bera den tyngste børa, sa ho.

Les meir om den økonomiske stoda i Skjåk - og debatten - i papiravisa.