Det er brannsjef i Lom og Skjåk brannvesen, Atle Festervoll, som trekkjer den konklusjonen.

Klokka 05.57 fredag morgon gjekk alarmen hjå brannvesenet. Da vart det meldt om røykutvikling i låven på Søre Marstein.

– Da vi kom, såg vi røykutviklinga svært godt frå vegen. Vi vart fortalt at røykutviklinga og branntilløpet hadde utvikla seg fort, så det var nok på tide at vi kom. Dette er eit godt døme på kor viktig det er med eit oppegåande brannsvarslingsanlegg og kor viktig det er med tidleg varsling, seier Festervoll.

Han fortel at dei sende tre røykdykkarar inn i låven med det same dei kom fram.

– Vi fekk raskt kontroll. Det var kraftig røykutvikling, men ikkje open varme, oppsummerer ein letta brannsjef.