Før Landskappleiken i sommar laga Synnøve Øygarden på Veistadhjørnet kafé ei T-skjorte med dialektord på. Nå til Traktor-Rock lanserer ho ei T-skjorte med motiv av det meir vågale slaget.

«Ikkje ver blug - kyss meg», var tittelen på kulturkvelden under Landskappleiken i juni.

– Eg tykte det hadde vore artig å lage noko ut frå dette, seier Synnøve Øygarden. Og som sagt så gjort.

Dottera Inga Elda har designa motivet på T-skjorta.

– Den er vågal. Spørst om det er nokon som tør å gå med denne, seier Synnøve. Ho håpar folk tek utfordringa, kjøper seg T-skjorte og går med denne under Traktor-Rock.

– Ein kan bruke T-skjorta som pyjamas seinare. Motivet passar vel bra når ein skal leggje seg, seier Synnøve Øygarden med eit smil.