Ambulansen i Lom har hatt vaktlokale på helseheimen i fleire år. Ei stund stod ambulansane parkert i eit telt, men i 2006 vart det bygt eiga garasje til bilane. Den nye ambulansestasjonen er bygt i tilknyting til garasjen, og har kosta vel 5,4 millionar kroner. Det er Lom kommune som har bygt ambulansestasjonen, medan det er Sjukehuset Innlandet som driftar ambulansane. Stasjonen i Lom er ein av 29 stasjonar i Innlandet.

– Dette prosjektet har teke lang tid, men nå står vi her, framfor ein splitter ny ambulansestasjon. Eg vil på vegner av innbyggjarane i Ottadalen takke Sjukehuset Innlandet som kvar dag ivaretek tryggleiken til oss som bur her, og tryggleiken til alle som er på besøk hjå oss, spesielt om sommaren. Takk til ambulansepersonellet som gjer ein formidabel jobb, og takk til hovudentreprenøren Jora bygg og laft AS for svært godt utført arbeid, sa ordføraren.