Lom kommune har dei siste dagane fått fleire spørsmål om kva som er bakgrunnen for den store helikoptertrafikken.

– Årsaka er jordskifteverket si oppmåling av grensepunkt for Breheimen verneområde, på oppdrag frå Fylkesmannen i Oppland, opplyser Sander Sæthun, plan- og miljøvernrådgjevar i Lom kommune.

Han fortel at flyginga skal vera avslutta innan 20. august.