Av Tom Erik Solstad

Storøyafestivalen i Skjåk fyller 15 år i år, men noko spesiell markering blir det ikkje, i fylgje festivalarrangør Ole Jonny Runningen. I helga blir det variert musikk på festivalarenaen på Storøya camping.

– Det vil ikkje bli musikk på hovudscena fredag kveld. Vi ynskjer å få til litt meir intim stemning denne kvelden, og vil rigge til ei scene inne i teltet, seier Runningen. Dei lokale musikarane Geir & Tormod - Geir Byre og Tormod Sperstad - skal spele fredagskvelden. Det skal også det irskinspirerte bandet Grusk. Laurdag er trekkplasteret det populære folkrockbandet Rotlaus. Da spelar også Bill Booth, Rune Kjørren Band og Grusk.

Etter fleire år med 15-årsgrense på festivalområdet fredag, blir det i år 18-årsgrense både fredag og laurdag.

– Nå har vi prøvd med 15-årsgrense i seks år. Det var svært populært dei fyrste åra, men i det seinare har ungdomen svikta, og i fjor gjekk vi på ein kjempesmell økonomisk fredagskvelden, seier Runningen. Berre bygdefolket møter opp også nå, så blir dette bra! seier festivalarrangøren.

Tidleg laurdag efta er det quiz for alle som ynskjer litt hjernetrim.