Ennå er det att tre dagar av juli, men rekorden på 20.000 passasjerar frå juli i fjor er alt overstege med 2.000.

– Det er voldsomt. Før tykte vi det var knalldagar når vi frakta 1.000 passasjerar, nå er vi somme dagar oppe i 1.800, fortel skipper Harald Rune Øvstedal.

Torsdag gjekk han med «Gjendine» i skytteltrafikk mellom Gjendesheim og Memurubu, og hadde før klokka 12 allereie seks turar med folk som skulle gå Besseggen.

Om det var kø av folk på bryggja, vart det sanneleg kø utanfor bryggja òg, da både «Gjendine» og «Gjende» la til likt for å hente meir folk ved høgstdagsleite torsdag.

Eit stadig attendevendande tema er alle som går over Besseggen, som kanskje ikkje er klar for det - og som må hentast ut av redningsmannskap eller helikopter.

– Nå er det snart før 50.000 går Besseggen, og det er klart eitkvart kan skje da. Vi prøvar så godt vi kan å rettleie folk og forklarar dei kva dei gjev seg ut på, seier Øvstedal som godt kan tenkje seg ennå meir offentleg informasjon om turen over eggen. Informasjon som gjer folk i stand til å reflektere over kva dei gjev seg ut på.

Øvstedal ser fram til å sjøsetja ny båt på Gjende neste sommar. Han vil ikkje røpe noko namn, men håpar å stelle til litt show når båten skal døypast.