Utan at talgrunnlaget er klart, har Norsk Fjellsenter eit klart inntrykk av at klimaparken har ein auke i besøkande.

Bjørn Ola Sveen Volden er ein av seks guidar som to gonger dagleg tek besøkande inn i den 60 meter lange istunnelen i Juvfonna på Juvflya.

– Talet på besøkande varierer frå dag til dag, enkelte dagar kan det vera 70 som vil vera med, andre dagar er det berre 20, seier han. Det er sjølvsagt vêravhengig.

Dagleg leiar ved Norsk Fjellsenter, Mai Bakken, fortel at det også er etterspurnad etter guiding utanom opningstida og at dei difor har hatt mange grupper på kveldstid i Mimisbrunnr - Klimapark2469.

Klimaparken formidlar kunnskap om arkeologi, natur og klima.