Huseiernes Landsforbund har fått Statistisk Sentralbyrå til å utarbeide ei undersøking om kommunale avgifter i landets kommunar.

I gjennomsnitt betaler norske bustadeigarar 12.780 kroner i kommunale gebyr. I Ottadalen er det berre Lom som ligg under snittet, med ein samla prislapp på 12.018 kroner.

– Regelen er at gebyra til innbyggjarane i sum ikkje skal overstige kva det kostar å levere tenestene, seier utgreiingssjef i Huseiernes Landsforbund, Kristin Gyldenskog.

Det stadfestar administrasjonssjef Ola Helstad i Lom kommune.

– Det er sjølvkostprinsippet som ligg i botnen for dei kommunale avgiftene og dei blir sett utifrå investerings- og driftskostnader på dei ulike områda. Ein kommune skal ikkje tene på dei kommunale avgiftene, og eventuelt overskot skal gå til drift og investeringar, seier Helstad.

Tala vil variere frå år til år, og prisen på tenestene vil gå ned når ein kommune får mindre utgifter til drift, vedlikehald og investeringar - og i motsett fall auke.

Huseiernes Landsforbund gjev desse tala for ottadalskommunane:

LOM

vatn: 3.858

avløp: 4.939

renovasjon: 2.520

feiing: 701

totalt: 12.018 kroner

VÅGÅ

vatn: 5.576

avløp: 4.949

renovasjon: 2.180

feiing: 506

totalt: 13.211 kroner

SKJÅK

vatn: 2.683

avløp: 7.078

renovasjon: 2.738

feiing: 441

totalt: 12.939 kroner