– Førre veke hadde vi heile 60,8 prosents auke i forhold til same veke i fjor, fortel butikksjef Siv Plassen som eit eksempel på at butikken går så det grin. Det har vore heilt utruleg bra trafikk i heile sommar, seier ho.

Coop-butikken ligg like ved den populære campingplassen Dønfoss, og er ein typisk «sommarbutikk». I 2014 stod sommarmånadane juni, juli og august for 40 prosent av omsetnaden det året.

– Vi har òg sundagsope om sommaren, og det er kjempedagar for oss. I tillegg har vi ope til klokka 21 på kvardagar og til klokka 20 på laurdagar. Også dei siste timane er det mykje folk og handel, fortel butikksjefen.

Coop Marked Bruvoll har tre faste medarbeidarar, om sommaren er talet på tilsette ni. Butikken lyt ha seks-sju på plass dei dagane det er varelevering og for å ekspedere kundane.

Butikken vest i Skjåk høyrer inn under Coop Ottadalen. I tilknytning til butikken er det òg eit ubetjent informasjonssenter for Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar.