Fire personar måtte natt til måndag få hjelp for å koma seg ned att frå Besseggen.

«Klokka 0400 i natt fekk fire personar hjelp til å ta seg ned av Besseggen, da dei sjølve ikkje klarte å ta seg ned frå fjellet. Var slitne og kalde», melder politiet.

I fylgje avisa GD var to helikopter med på aksjonen.

Titusenvis av turistar går turen over Besseggen kvar sommar. Enkelte undervurderer turen og overvurderer eigne krefter. Å gå Besseggen er ingen vanleg spasertur. DNT karakteriserer turen som krevjande.