– Har ein fått kålmøll, er det for seint å gjera noko nå, seier Jan Erik Mæhlum i Norsk Landbruksrådgiving. Det ein må gjera tidleg i sesongen er å dekke til plantane med insektnett, og det må vera dønn tett, seier Mæhlum.

Insektnettet må vera heilt tett, og lagt over bøyler slik at det blir avstand mellom blad og nett.

Ugraset må ein passe på å luke medan det regnar eller bles.

– Møllen likar ikkje regn og er slett ingen topp flygar, seier Mæhlum.

Mæhlum fortel at kålmøllen kjem i store svermar med vinden frå dei baltiske landa og Russland.

Det er larva til kålmøllen som er glupsk og som øydelegg avlinga av for eksempel kål og kålrot.

– I kålen et han seg innover i hovudet og legg att ekskrement, på kålrot er det blada det går utover, slik at det ikkje blir nokor avling. Kålmøllen går på alle korsblomstra vekster, fortel Mæhlum.

Tidlegare kom møllsvermane med 10-12 års mellomrom, nå går det berre 2-3 år mellom kvar «invasjon» av dette plagsomme insektet.

– Den siste i området vårt var i 2014, og det er umogleg å forutsjå kor lang tid det tek mellom kvar invasjon, seier Mæhlum.