Arne Brimi har fått mykje merksemd sundag etter at ei seriestjerne frå «Walking Dead», i eit intervju med VG-TV tykte den kjende norske kokken skulle ta turen over dammen for å laga mat til skodespelarane.

– Dette var ei løyle agurksak, seier Brimi'n sjølv. Og det er er artigt at Hollywood veit at det er liv i avkrokom her oppi. Det var ei artig greie dette, seier meisterkokken.

Han har førebels ikkje tenkt å ta turen over til dei gåande daude, men har brukt sundagseftan på matauk i Smådalen.

– Fekk mykje fin fisk, gut. Eg har hatt ei skikkeleg triveleg stund på fisking.