Norsk Landbruksrådgining (NLR) har hatt fagdag med korn som tema. Konklusjonen er at åkrane ser ut til å stå godt, og er lite utsett for skadedyr og sopp.

– Den største utfordringa i Skjåk har vore turke kombinert med vind, seier Jan Erik Mæhlum i NLR. Vinden har gjort det vanskeleg å få vatna heile åkeren.

Om ein ser bort frå ei skikkeleg skur på Ramstadsstrond førre veke, blir det sagt at det ikkje har vore ei rotbløyte i Skjåk sidan i fjor sommar.

Skjåk held stand som kornbygd, medan det i Vågå og Lom stadig er færre som dyrkar korn.

– I Vågå dreier det meste seg om poteter, og i Lom er det att berre ein kornbonde, fortel Mæhlum.

Kornåkrane som vart besøkt torsdag vart spesielt sjekka for bladminerfluge og sopp. Hjå Tore Rune Kummen som har om lag 40 mål med bygg såg det ikkje ut til å vera store angrepa.

– Åkeren står godt, konkluderte Eivind Bergseth frå NLR.

Sjølv om dei fleste ynskjer seg noko nedbør, er likevel det verste som kan skje kornåkeren ei voldsom skur som legg det heile nedåt.