Rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Erling Dagsgard, meiner det lyt minnast om bandtvang for hund.

På ein gard i Jøingslia i Skjåk hadde dei nyleg besøk av ein laushund. Resultatet vart ni daude lam og eit som måtte avlivast.

Eit anna lam hadde, som ein ser på bildet, fått bite av seg mykje av båe øyra.

– Hugs at det er bandtvang i Skjåk til og med 20. august. Der det beitar husdyr er det bandtvang fram til 15. oktober, seier Dagsgard.