På 1980- og 1990-talet drog Lom Knipsarlag rundt i bygda og avfotograferte gamle bilde. Bortimot 30 av desse kan du sjå inne i stallen i Presthaugen - Lom Bygdamuseum - i sommar.

Fotoutstillinga som har fått namnet «Livet i Lom» skildrar daglegliv og aktivitetar i Lom før i tida, og vitnar om arbeid og slit, men også glede og samhald.

– Bilda som er utstilte er frå så langt attende som 1800-talet og oppover, og viser både eldre og yngre personar og korleis dei jobba og levde i si tid. Her er det svært store kontrastar frå dagens samfunn, seier Knut Holen som er leiar i Lom Knipsarlag.

Fotoutstillinga i Presthaugen står fram til 7. august.