Etter at Fjuken skreiv om at Trollkyrkja i Bøverdalen har kollapsa, tok bøverdølen og fjellkaren Ove Nestvold turen dit for å sjå.

Tilliks med Lars Eivind Sulheim, som har vore i Trollkyrkja mange gongar, åtvarar han folk mot å ta seg inn.

«Det ligg ei enorm blokk over inngangen, som ikkje heng i spesielt mykje», skriv han på Fjuken si Facebook-side.

– Eg vil ikkje råd til at folk prøvar å gå inn, og ungar må for all del ikkje drive der, seier Nestvold.