Det var rett og slett eit sjokk for Lars Eivind Sulheim da han såg kva naturkreftene har gjort med Trollkyrkja i Bøverdalen. Han ville ta familien med på årets fyrste Trollkyrkjetur i helga, da han oppdaga kva som hadde skjedd.

– Ho har rett og slett kollapsa. Det er ikkje lenger mogleg å koma ned og inn. Det er heilt ufatteleg, sier han.

Sulheim har i førti år guida både skuleklasser og interesserte til denne spennande «kyrkja» i ura på solsida rett nord ovanfor Galdesand i Bøverdalen.

– Eg kjenner både på sorg og ansvar, seier Sulheim.

Sorg for at desse spennande holene i steinura, og ein del av Lom og Bøverdalen si kulturhistorie, ikkje lenger er tilgjengeleg. Ansvar når han tenker over alle skuleelevar og andre han opp gjennom åra har teke med på tur ned i Trollkyrkja.

– Det er vel slik at dette har skjedd på grunn av issprenging og vatn. Du hadde ikkje kome til å teke med elevar eller andre dit under omstende med is, holke og vatn? Det er rett og slett ikkje «føre» for å ta turen til Trollkyrkja under slike omstende.

– Nei, men likevel, seier Sulheim.

Med kollapsen er Trollkyrkja - det blir sagt dei katolske i løynd heldt messe i etter reformasjonen - attlaten for godt.

Kristoffer Janson skildrar Trollkyrkja i boka «Fraa Dansektidi», utgjeven i 1875 som ei skildring av livet i Bøverdalen og Lom på 1500-talet.

«Velduge steinar hava rasa ned her ein Gong i Tidi, dei liggja kastade vildt millom kvarandre, soleides at det er store Hol og Hellarar innunder deim. Detta er Trollkyrkja. Inkje var det her rake Stolpar, som bar det høge Kvelvet, nei Steinveggjerne laag her tunge, kugande men faste ...»

Nå står dei ikkje lenger.

Sulheim åtvarar folk mot å prøve og koma seg inn.