Ved bommen ved Raubergstulen var det lang kø for å sleppe gjennom. «Alle» skulle på Galdhøpiggen i det flotte sommarvêret.

– Nå har eg rekna over 320 bilar, det står bilar langt bortover vegen, seier Per Vole, avtroppande vert på Juvasshytta.

Inne i resepsjonen har kona Anne og arvtakarane Silje og Per Arne sitt fulle hyre med å ta unna alle som vil vera med breførarar til Galdhøpiggen.

– Vi passerer 800 til saman i taulaga vi skal åt med i dag, fortel Per Arne. Det er den nestbeste dagen nokosinne.

Rekorden er på 900 og skriv seg frå 2014.

Når ein i tillegg veit at Raubergstulen fører 110 av sine gjestar på Piggen i dag, skjønar ein at der folksamt.

Fjellheimen er generelt svært godt besøkt i sommar.

– Eg høyrer frå dei andre som driv turisme i Jotuheimen at det stort sett er fulle hus, fortel Per Vole.

Over 90 prosent av gjestane på Juvasshytta er norske, men utanlandske gjestar er stadig aukande.

– Ein god kronekurs gjer sitt til det, trur Vole.

Juvasshytta arrangerer tre daglege avgangar til Noregs høgaste fjell.