Ulykka skjedde om lag ein kilometer aust for Dønfoss i Skjåk ved 16-tida tysdag efta.

Den eine av to motorsyklar i fylgje køyrde av vegen i ein venstresving, på tur vestover.

Politiet melder at den skadde føraren er bevisst, men klagar over smerter i rygg, skulder og arm.

Både vanleg ambulanse og luftambulanse er på staden.

Trafikken går nå som normalt på riksveg 15.