Norsk Landbruksrådgiving Innlandet (NLR) skal i lag med Folkeuniversitetet, Sparebank1 Lom og Skjåk og Skjåk kommune halde grunnleggjande kurs i data. Eit kurs for dei som ikkje har erfaring med denne teknologien.

– Meir og meir kommunikasjon og anna foregår gjennom data, så dette er eit kurs som mange har bruk for, seier Gudbrand Hyrve i NLR. Om vi skal sende ut beskjedar så gjer vi det med tekstmeldingar. Vi veit at det berre er eit fåtal av medlemane våre som har, eller les, epost, seier han.

Kurset tek til allereie 26. juli, skal gå på kveldstid og er elles tilpassa både onner og jakt utover hausten.

Interesserte kan ta kontakt med Hyrve for meir informasjon og påmelding.