Sjølv utan eksakte tal er Ragnhild Snerle, som har ei lita pustepause mellom besøka på Visit Jotunheimen sin turistinformasjon i Lom, sikker på at det er fleire turistar innom i sommar enn det var i fjor.

– Det har vore ei grei auke i trafikken frå i fjor, for å seia det slik.

Det er andre sommaren at det er turistinformasjon på Mega midt i Bergomsgarden.

Dei fleste som er innom spør etter informasjon om turar i Jotunheimen.

– Både lange og stutte turar, Galdhøpiggen, Besseggen ... i det heile teke mange turspørsmål.

Ho fortel òg at Valdresekspressen er populær.

– Mange tek bussen til Leirvassbu for å gjennom Jotunheimen, seier ho.

Sjølv om Bergom, sentrum i Lom, er lite, er det særleg eit spørsmål som går att utruleg mange gonger: «Kvar er Bakeriet?»

Det er flest nordmenn som besøker informasjonen, deretter fylgjer svensker, dansker og tyske turistar.

– Men det er også mange langvegsfarande, fortel Ragnhild, som har kryssa av for både australske, amerikanske og asiatiske besøkande i protokollen.