Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar helg.

Denne vekas jubilant er Eskil Pretstulen. Han blir 10 år 20. juli, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

«Gratulere så mykje med 10-årsdagen 20. Juli. Du er super! Klem frå Andrea, mamma, pappa og Jerry».

Gratulerer med dagen, seier vi i Fjuken òg!

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.