Politiet opplyser at ein mann med lokal tilknyting omkom etter å ha kome i klem da gravemaskina velta i samband med utgraving av ei tomt i Solsidevegen i Lom.

Mannen som er i slutten av femtiåra døydde momentant.

Politiet vart varsla om uhellet ved 15-tida laurdag ettermiddag.

– Det kommunale kriseteamet er varsla og tek hand om dei pårørande i dette tragiske arbeidsuhellet, seier operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Per Solberg.