I dag, fredag, vart mobilapplikasjonen «Outtt» lansert i Skjåk. Dette er ein digital turguide som skal hjelpe både bygdefolk og tilreisande med å finne gode tur- og naturopplevingar der dei er.

Her kan ein planlegge turar, finne kart, bilde og informasjon om turmåla. Ein kan også lage seg ein profil og dele turminne med andre som brukar applikasjonen.

«Outtt» i Skjåk er eit samarbeid mellom Skjåk kommune og nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen, og det er designar Merete Dagsgard frå Skjåk som har vore prosjektleiar.

– 12 turar ligg inne i applikasjonen nå, men det vil stadig kome nye turar og aktivitetar, seier Merete Dagsgard.

Aktivitetar som skal inn i «Outtt» i Skjåk etterkvart er fotturar, toppturar, sykkel, kano, buldring, fisking, ski, overnatting og kulturminneturar.

«Outtt» er gratis og kan lastast ned både til iPhone på AppStore og til andre smarttelefonar på Google Play.

Les meir i papiravisa neste veke.