Den dødelege sjukdommen CWD er for fyrste gong påvist på villrein i Noreg. Sjukdomen er vel kjent hjå hjortedyr i Nord-Amerika, men dette er fyrste gongen den er påvist i Europa. Det er også fyrste tilfellet hjå rein på verdsbasis.

For å prøve å hindre spreiing av den dødelege sjukdomen, kom Mattilsynet denne veka med ei hasteforskrift som gjeld ut året.

Forskrifta omfattar inn- og utførsel av hjortedyr over fylkes- og landegrensar, men det er særleg eitt punkt som alle jaktlag, viltforvaltarar og beitebrukarar må merke seg:

Det er forbode å legge ut fôr og slikkesteinar til hjortedyr som ikkje er inngjerda eller på annan måte blir halde fysisk skild frå andre mottakelege dyr. Forbodet gjeld fylka Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hedmark, Oppland og Buskerud.

Forbodet gjeld ikkje for saltsteinar som allereie var utplassert før forskrifta vart sett i kraft måndag 11. juli, men fram til 1. januar 2017 er det altså ikkje lovleg å henge opp eller sette ut ny saltstein i utmark.