Det var alt anna enn moro da ein utanlandsk tivolibil køyrde ned Fjellvegen på bremsene ved høgst dag måndag.

På flata før siste bakken ned mot krysset i Randen, vart det full stopp.

Her måtte sjåføren stå til bremsene hadde avkjøla seg.

Ei politipatrulje dirigerte trafikken akkurat her vegen er på sitt smalaste.

Etter fleire ulykker med tyngre køyretøy som har mista bremsene i dei bratte bakkane, vart det i 2014 skilta med 8 prosent stigning og bratt bakke ved Mån.