Av Maria Kampesæter Kleiven, Vigga

Tour de Motorsport vart arrangert for tredje år sist veke. Som i fjor var finalen på Bjorli, og det var full fres på Bjorli motorsportsenter laurdag.

Dei fyrste rundene vart køyrt i regn og med blaut bane. Det gjorde køyretilhøva vanskelege. Etter pause klarna det opp, og det var ikkje mange rundene før banen turka opp.

Anders Kongsrud frå Vågå hadde seks heatseiere, og låg på andreplass før siste runde. Han leda løpet heilt til siste sving før mål, men vart slått like før målstreken. Det heldt likevel til a-finale, for Kongsrud som einaste lokale deltakar, som han vann.

– Det som er moro med tour er at ein ikkje mister bilen før etter finalen, og får køyrt meir med bilen, sa Kongsrud.

Han hadde hatt bilen berre ei veke, og hadde bytta motor i før touren.

Tour De Motorsport er eit tredagars løp, som start i Støren, så Orkla, før finalane vart køyrt på Bjorli. Det var konkurrert i både rallycross og bilcross, og i bilcross-klassa var det fleire lokale køyrarar frå Norsk Motorklubb avdeling Nord-Gudbrandsdalen.