I mai bad regionrådet for Nord-Gudbrandsdal om eit møte med klima- og miljøminister Vidar Helgesen for å drøfte utfordringane med rovvilt før beitesesongen starta.

Nå har dei fått svar frå klima- og miljødepartementet.

Regionrådet fekk tilbod om å møte statssekretær Lars Andreas Lunde, som inviterte til eit møte torsdag 30. juni eller fredag 1. juli.

I eit svar til departementet avslår regionrådsleiar Bjarne Eiolf Holø denne invitasjonen.

– Da vi sendte førespurnad i mai, var det med bakgrunn i at vi ynskte å få på plass strakstiltak som kunne virke førebyggande i beitesesongen 2016, skriv Holø i svaret som er sendt klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Regionrådsleiaren skriv at når ein får svar etter at beitesesongen har starta, er det lite føremålstenleg med møtet.

– Vi ba om møte med statsråden og vil derfor ikkje ta til takke med å møte statssekretæren for å drøfte ei så viktig sak, der det krevst politisk vilje og handling, skriv Holø.

Bjarne Eiolf Holø meiner det er betre å få på plass eit møte etter beitesesongen, der ein kan sjå på langsiktige tiltak for å få til ein betre rovdyrpolitikk og praktisering enn det ein ser i dag.

– Med bakgrunn i at dette er ei sak som er så viktig for vårt område og primærnæringa, ber vi om å få treffe klima- og miljøminister Vidar Helgesen for å drøfte rovdyrsituasjonen i eit lengre perspektiv, skriv regionrådsleiar Bjarne Eiolf Holø.