38 deltakarar stilte under Vågå Open som gjekk av stabelen sist veke. Konkurransen gjekk også som NM.

Trass i ein del dårleg ver, fekk deltakarane floge tre omgangar med start på Vole og ned til Frya.

– Artig å vinne på heimebane, sa Olav Opsanger som tok sin sjette NM-tittel. Han vann også Vågå Open. Klubbkamerat frå Jetta Luftsportsklubb, Nils Åge Henden, kom blant topp ti i konkurransen.

Blant deltakarane på Vågå Open var det også deltakarar frå USA og Austerrike. Hang-glider-pilotar som er ranka som dei beste i verda. Zac Majors frå USA som er ranka som nummer to i verda, vart nummer fem i konkurransen. Han tykte det var flott å vere i Vågå og kjem gjerne attende ved eit seinare høve.

Under Vågå Open vart det også floge ei ny konkurranse, speed-gliding, der det er om å gjere å fly lengst mogleg nære bakken. Dette er spektakulært når ein i 80-120 kilometer i timen flyg 50 centimeter frå bakken.