Etter ein lang debatt torsdag kveld gjekk fleirtalet av Lom kommunestyre inn for at Lom ikkje støttar det regionale destinasjonsselskapet Nasjonalparkriket Reiseliv AS.

Odd Arne Kroken (SP) meinte at Lom var best tent med å ri eigen hest og støtta administrasjonssjefen si innstilling om ikkje å imøtekoma søknaden om tilskot frå Nasjonalparkriket Reiseliv. Han viste til at majoriteten av verksemdene i Lom er medlemmar i Visit Jotunheimen AS.

Partikollega Randi Therese Garmo var av ei anna meining. Ho meinte ein kunne køyre tospann med både Nasjonalparkriket Reiseliv og Visit Jotunheimen.

Varaordførar Anne-Lise Marstein (AP) var redd for at hesten ville bli halt om Lom skulle ri på eigen hest, og kom med framlegg om at Lom støttar selskapet med 300.000 kroner. At ordførarkollegiet i arbeidsutvalet i regionrådet har oppmoda kommunane til å vedta ei slik støtte, vog tungt for Marstein.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø (SP) ynskte i prinsippet å fylgje opp tidlegare signal om å gje støtte til det regionale selskapet både gjennom regionale prosessar og tidlegare vedtak i Lom kommunestyre.

– Når det viser seg at ei slik støtte ikkje er avklara i forhold til regelverket om offentleg kjøp og regelverket for samla offentleg støtte vil eg foreslå ein kombinasjon av tenestekjøp og støtte som kan vere innanfor regelverket, sa Holø.

Han kom med framlegg om at Lom delvis imøtekjem søknaden ved at kommunen gjer avtale om tenestekjøp på inntil 100.000 kroner - inkludert moms, med Nasjonalparkriket Reiseliv AS for ei samla regional marknadsføring. Og at Lom kommune gjev tilskot avgrensa til tilsvarande beløp som bidraget frå medlemmane av eigarlaget Visit Jotunheimen, 50.000 kroner.

Forslaga frå ordføraren og varaordføraren fell under røystinga.

Administrasjonssjefen si innstilling fekk fleirtal med 10 mot 7 røyster. Dermed blir Lom einaste kommunen i regionen som vel å stå utanfor Nasjonalparkriket Reiseliv.

Les meir om debatten i avisa.