Shalash flykta til Noreg og asylmottak i Volda for ni månader sidan. Han forlot tre barn og kone i håp om at viss han kom seg til Noreg fyrst, ville det bli enkelt å få familien etter. Slik gjekk det ikkje.

– Eg kan like gjerne returnere til Syria, men det får eg ikkje lov til. Det er for farleg, seier Udi (Utlendingsdirektoratet). Likevel får dei ikkje ut familien min. Eg kan like gjerne dra attende og døy saman med familien. Livet mitt har inga meining.

Han seier også at han ennå ikkje ha vore gjennom det obligatoriske asylintervjuet med norske styresmakter.

Shalash ynskjer å vera eit ansikt for alle asylsøkjarar som sit og ventar i mottak rundt om i landet, utan å kunne gjera noko som helst for å få fortgang i eiga sak.