Fleirtalet av Lom formannskap stemte for administrasjonssjefen si innstilling om at Lom kommune ikkje imøtekjem søknaden om tilskot frå Nasjonalparkriket Reiseliv AS da saka vart behandla tysdag.

Berre Anne-Lise Marstein (Ap) stemte mot.

I innstillinga til saka var det stilt spørsmål om samarbeidsavtala er i tråd med lov om offentlege kjøp og innanfor reglane for statsstøtte. Dette burde vore avklara tidlegare meinte Marstein.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø meinte ein måtte vere forsiktig med å melde seg ut av eit samarbeid med andre i region.

Ordføraren som også er regionrådsleiar vart tydeleg ukomfortabel med at Lom skulle seie nei til Nasjonalparkriket reiseliv, når han i arbeidsutvalet i regionrådet tidlegare hadde gått inn for 300.000 kroner som kommunane sitt tilskot.

Holø hadde inga anna forslag til vedtak, men gav uttrykk for at han ville koma attende til dette når kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i saka fyrstkommande torsdag.

Alle reiselivsverksemdene i Lom er medlemmar av Visit Jotunheimen AS, og det er framleis fleire av dei som fortsatt er med i Nasjonalparkriket reiseliv.