Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar laurdag.

Denne vekas jubilant er Live Sørum Odde. Ho vart 4 år fredag, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

«Gratulerer med 4-årsdagen den 17.6. Stor, flink jente! Helsing frå Snilla Patea, tante Ragnhild,bestemor og bestefar i Garmo»

Gratulerer med dagen, seier vi i Fjuken òg!

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det. Hugs òg å sende bilde i høgoppløyseleg format!